Ørsta kyrkjelege fellesråd
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Om dåp

Kven kan verte døypt?

Alle kan verte døypte, anten du ynskjer barnedåp, vaksendåp eller drop-in-dåp.
Dåpen er rik på tradisjonar og er ei høgtidsam feiring av livet.
Dei fleste vert døypte innan dei er eitt år gamle. Men det er også vanlig med dåp av større born, ungdomar, vaksne og eldre. Det vert ikkje stilt formelle krav for å verte døypt, men alle som vel dåp må ha ein samtale med presten før dåpen.  Der får de òg høve til å stille spørsmål, og de kan t.d. snakke meir om det å høyre til Gud gjennom dåpen.

Ynskjer du ein uforpliktande samtale om dåp? Har du tankar du vil lufte eller praktiske spørsmål?
Uansett er du velkomen til å ta kontakt med oss.

Fadrar

Å vere fadder er ei stor og viktig oppgåve! Ofte vert fadrane viktige vaksne i barnet sitt liv. Fadrane er med på å vise barnet vegen inn i trua, saman med foreldre og kyrkjelyd. For å vere fadder må ein vere minst 15 år gamal, medlem i Den norske kyrkja, eller vere ein kristen som ikkje avviser barnedåpen. Dåpsbarnet må ha minst to fadrar som er tilstades under dåpen. Du melder kven som skal vere fadder i påmeldinga på nett. 

 

KALENDER

søndag 19 mai
Vartdal kyrkje
Ørsta kyrkje
mandag 20 mai
Hovdevatnet
søndag 26 mai
Bondalseidet
søndag 2 juni
Ørsta kyrkje
Hjørundfjord kyrkje
Vartdal kyrkje
torsdag 6 juni
Vartdal kyrkje
søndag 9 juni
Aasentunet
søndag 16 juni
Ørsta kyrkje
Vartdal kyrkje
Ørsta kyrkje

Kontaktinfo

Ørsta kyrkjekontor

Vikegata 5.

6150 ØRSTA

Tlf: 700 48 640
Faks: 700 48 641

Epost: postmottak@orsta.kyrkja.no

Opningstider: mandag,onsdag- fredag 10-14, tysdag 11-14