Ørsta kyrkjelege fellesråd
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Trusopplæring

Jesus sa: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.

Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande og lær dei å halde alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.   (Matt 28.18-20).

VED DØYPEFONTEN LYDER DESSA ORDA:
Saman med denne kyrkjelyden og heile vår kyrkje får de del i eit heilagt ansvar: Å be for barnet, læra henne  sjølv å be, og hjelpe henne til å bruke Guds ord og Herrens nattverd, for at ho kan verte verande hjå Kristus når ho veks opp, liksom ho ved dåpen vert sameint med Han.

Dette er eit ansvar som foreldre, fadrar og kyrkjelyden deler. Også den verdsomspennande fellesskapen barnet vert døypt til. Då lovar Gud å vere med barnet alle dagar, så lenge verda står.

I åra etter dåpen inviterer kyrkjelydane i Ørsta til ulike trusopplæringstiltak. Invitasjonar til dei ulike tiltaka kjem i posten adressert til føresette.

Trusopplæringa i kyrkjene i Ørsta er eit samarbeid mellom kyrkjelyden og heimen. Det er stadfesta at born lærer best av dei nærmaste i familien. Når føresette, øvrig familie og fadrar deler av trua si, då blir også barnet si tru forsterka. 


TRUSOPPLÆRINGA I DEN NORSKE KYRKJA SKAL
- fremje kristen tru 
- gi kjennskap til den treeinige Gud 
- bidra til livstolking og livsmeistring, 
- og er for alle døypte, uansett funksjonsnivå.

Du finn meir informasjon om dei ulike tiltaka i boksane nedanfor.

ALLE born og unge, anten dei er døypt eller ikkje, er velkomne på våre arrangement!
Om ditt barn er ikkje døypt, men du ynskjer at å få invitasjon til årlige invitasjonar til arrangement, gjer vel og meld barnet på som abonnent i trusopplæringa. 

 

KALENDER

søndag 5 mai
Ørsta kyrkje
Hjørundfjord kyrkje
Ørsta kyrkje
torsdag 9 mai
Vartdal kyrkje
Ørsta kyrkje
Ørsta kyrkje
lørdag 11 mai
Ørsta kyrkje
Ørsta kyrkje
søndag 12 mai
Ørsta kyrkje
Ørsta kyrkje
fredag 17 mai
Vartdal kyrkje
Hjørundfjord kyrkje
søndag 19 mai
Vartdal kyrkje
Ørsta kyrkje
mandag 20 mai
Hovdevatnet
søndag 26 mai
Bondalseidet
søndag 2 juni
Ørsta kyrkje
Hjørundfjord kyrkje
Vartdal kyrkje
torsdag 6 juni
Vartdal kyrkje
søndag 9 juni
Aasentunet
søndag 16 juni
Ørsta kyrkje
Vartdal kyrkje
Ørsta kyrkje

Kontaktinfo

Ørsta kyrkjekontor

Vikegata 5.

6150 ØRSTA

Tlf: 700 48 640
Faks: 700 48 641

Epost: postmottak@orsta.kyrkja.no

Opningstider: mandag,onsdag- fredag 10-14, tysdag 11-14