menighet
Tilgjengelighetserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Om oss

Ørsta kyrkjelege fellesråd er eit samlande organ for sokna i Ørsta kommune. Fellesrådet har
medlemer frå dei tre sokna, i tillegg til ein geistleg representant og ein kommunal representant, og har ma. ansvar for tilsette, økonomi, kyrkjebygg og gravplassar. Kyrkjeverja er dagleg leiar og sekretær for Fellesrådet.

Kyrkjekontoret ligg i Vikegata 5 i Ørsta og har møterom, undervisningslokale og kontor til prestane og staben.

Fellesrådet – medlemar
Medlemer perioden 2019 – 2023:
Gudny Fagerhol – leiar
Anders Digernes
Jørn Vartdal
Kristine Aasen Tingvoll
Hallvard Aklestad
Arve Rødvik
Arne Moltubak – geistleg representant
Stein Aam – kommunal representant

Kyrkjene våre
- Ørsta kyrkje: Langkyrkje oppført i 1864 og sentralt plassert på Nekken, «der elvane møtast», midt i Ørsta sentrum. Kyrkja har om lag 350 sitjeplassar, og er kanskje mest kjend for altarskåpet som skriv seg tilbake frå sein middelalder.

Vartdal kyrkje: Langkyrkje oppført i 1876, og basert på dei same teikningane som Ørsta kyrkje, men i ein nedskalert versjon. Kyrkja har om lag 280 sitjeplassar og er den minste av kyrkjene våre. Kyrkja ligg vakkert, men vêrutsett til, ut mot Vartdalsfjorden og Breisundet. Allereie fire år etter at kyrkja var innvigd førte kraftige fallvindar til at austre del av kyrkja bles av muren, og ho måtte flyttast på plass og bardunerast fast. Det vart installert nytt pipeorgel i 2015, og det har vorte utført omfattande rehabilitering med reparasjon av råteskader og utvendig målingsarbeid i perioden 2021 – 2023. 

- Hjørundfjor kyrkjed: Langkyrkje frå 1880 med plass til om lag 450 besøkande, og den største av kyrkjene våre. Kyrkja ligg i Sæbø sentrum, ein tettstad ved idylliske Hjørundfjorden. Kyrkja har blitt eit populært mål for cruise-turistar i sommarhalvåret, så vel som konsertlokale og stad for store og små arrangement gjennom året. 

Gravplassane våre: 
Gravplassen er ein viktig stad for pårørande, og ein stad for ro og ettertanke. For mange i sorg er det å besøke gravene til sine kjære ein viktig del av sorgprosessen. I kommunen vår har vi gravplassar ved dei tre kyrkjene, i tillegg til Askjellhaugen som er den nyaste gravplassen i sentrum.

Opningstider: Kontoret i Vikegata er ope mandag – fredag kl 10 – 14, og elles etter avtale.

 

 
KALENDER

mandag 29 juli
Brudevollen
søndag 4 august
Ørsta kyrkje
Vartdal kyrkje
søndag 11 august
Hjørundfjord kyrkje
Ørsta kyrkje
søndag 18 august
Ørsta kyrkje
søndag 25 august
Ørsta kyrkje

Kontaktinfo

Ørsta kyrkjekontor

Vikegata 5.

6150 ØRSTA

Tlf: 700 48 640
Faks: 700 48 641

Epost: postmottak@orsta.kyrkja.no

Opningstider: mandag,onsdag- fredag 10-14, tysdag 11-14